Fyrste oppgangsaga på Vang vart bygd i 1590-åra av ein sagmeister. Saga vart mykje nytta av bygdafolk.
Då skipsbygginga kom i gang i 1850-åra, auka trongen til trelast. Stamhusbesittar Marcus Gerhard Hoff Rosenkrone kjøpte i l875 ny oppgongsag. Det var ei såkalla rammesag med mange blad. Han bygde og eit solid bygg med gråsteinsmur og godt helletak. Saga vart driven av eit undervasshjul (ein kvernkall). Tømmeret vart drege opp med eit overvasshjul (vassmerr). Frå 1870-åra dreiv Baroniet saga, seinare bygslaren Ole J. Vang. Saga var i drift til i 1930-åra, og har hatt stor innverknad på fartybygginga i området.