Sjå saga i drift på sagedagane

Vølinga av saga var eit stort og komplisert arbeid. Saga som vi nyttar no er tysk/tsjekkisk frå 1929. Den kom til Noreg under krigen frå Tyskland og vart brukt på emballasjefabrikk på Torsnes til kring 1970. Sagverket er ei gåve frå familien Grønhaug. Maskina vart henta av kvinnherad energi og restaurert ved Harding av Odd Mælen og Bjørn J. Mehl.