Kva vi gjorde
Vangssago stod midt i Rosendal, på Vang attmed Kvinnherad Elektrobygget. Elva gjekk framleis ca 50 meter sør for saga. Men saga hadde ikkje vore i drift sidan 1936.
Vårt ønskje var å ta vare på sago og tilhøyrande bygnadsmasse, samt setta ho i drift att. Dette lot seg ikkje gjera på Vang. Ho måtte flyttast. Ikkje hadde ho tilgang til elva og ei av dei mest attraktive tomtene i Rosendal kunne vel nyttast til noko anna. Dette var alle einige om og arbeidet for å planlegga vidare arbeid med å finna ny plassering og framtid for sago vart sett i gong.