Sjå saga i drift på sagedagane

Vangssago er ei såkalla rammesag med mange blad bygd på solid bygg med gråsteinsmur og godt helletak. Saga vart driven av eit undervasshjul (ein kvernkall). Tømmeret vart drege opp med eit overvasshjul (vassmerr).Saga var i drift til i 1930-åra. Nærleiken til Mehlselva og Steinparken gjev saga ein svært sentral plass i kulturlandskapet. Rennande vatn, vasshjulet som sviv rundt og lukta av nyskore tømmer, gjev ei spesiell sanseoppleving.