Sjå saga i drift på sagedagane
  • Årstal:
    1997-2005
  • Fotograf:
    Knut Skåla

Fagkunnskapen til dei 30 i dugnadsgjengen har gjort at prosjektet, som tok 9500 timar, let seg gjennomføra. Tiltaket har fått økonomisk støtte og tenester frå næringsdrivande, det offentlege og private i heile kommunen. For det storstilte dugnadsarbeidet som utført for å ta vare på eit viktig kulturminne, vart Interesselaget for Vangssago i 2007 tildelt «Ildsjelprisen» for Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er vi stolte av.