Om oss
5. februar 1997 vart interesselaget Vangssago skipa med målsetjing om å flytta saga til ny plass i eit naturleg miljø. Same året starta arbeidet med riving og merking. Mesteparten av vasshjulet og slokje strauk med i storflaumen i 1940. Fagkunnskapen til dei 30 i dugnadsgjengen har gjort at prosjektet, som tok 9500 timar, let seg gjennomføra. Tiltaket har fått økonomisk støtte og tenester frå næringsdrivande, det offentlege og private i heile kommunen. Saga er flytta til Mehlsholmane og stod ferdig gjenreist i 2005.
Den gjenreiste Vangssago er bygda sin eigedom. Dette er eit kulturelt og teknisk minnesmerke, som må takast vare på ved bruk. Nærleiken til Mehlselva og Steinparken gjev saga ein svært sentral plass i kulturlandskapet. Rennande vatn, vasshjulet som sviv rundt og lukta av nyskore tømmer, gjev ei spesiell sanseoppleving. For det storstilte dugnadsarbeidet som er utført for å ta vare på eit viktig kulturminne, vart Interesselaget Vangssago i 2007 tildelt ”Ildsjelprisen” for
Hordaland og Sogn og Fjordane.