Årsmøte 2011
Årsmøte vart halde i Sagestovo 10.mars 2011.
Det var 14 medlemmer til stades.
Det har vore god aktivitet i laget i 2010, og i løpet av 1. halvår vart tilbygget på saga ferdigstilt. Med dette er nok eit stort dugnadsarbeid avslutta, og totalt sett er det i perioden 1997 til 2010 lagt ned meir enn 12.500 dugnadstimar på Vangssago inkludert Fjølalavvoen og Sagestovo. Takka vera dette arbeidet er eit viktig kulturminne teken vare på for komande generasjonar, og Vangssago er ei av svært få attverande operative oppgangssager i landet.
Blant høgdepunkta i 2010 er opninga av det nye tilbygget, som har fått namnet Sagestovo. Opninga fann stad laurdag 7. august, og samla svært mykje folk. Knut Førland leia arrangementet, og den formelle snorklyppinga (sjølvsagt utført med sag) stod Åse Guddal, Annemor Skåla, Marie Eik Nygård og Marit Friheim for. Elles var det musikk v/brassbrørne Lamberg Torjusen (Marius, Sebastian og Tobias), servering av kaffi, saft og heimelaga kaker. Arrangementet vart avslutta med demonstrasjon av saga som ein del av programmet på Fjellstreif 2010.
Sagestovo er i løpet av kort tid blitt eit populært møtelokale for lag, organisasjonar, barnehagar og lokale bedrifter. Dette er veldig kjekt, og gir også inntekter til laget.
For femte året på rad sette Interesselaget opp eit teater/skodespel på saga, og årets arrangement fant stad 26. juni. Monologen ”Peer Gynt” av og med Toralv Maurstad stod på programmet, og nestoren i norsk teater trollbatt publikum med ei særs karismatisk framsyning i det flotte sommarveret
Økonomi og medlemstal:
Rekneskapen for 2010 syner eit underskot på kr. 56.978,15 (i 2009 hadde laget eit underskot på kr. 28.911,25). Underskotet skuldast at laget har brukt mykje oppsparte midlar på Sagestovo.
Laget har 104 personlege medlemmer og 5 firmamedlemmer. Medlemstalet er stabilt, og med over 100 personlege medlemmer er Interesselaget Vangssago eit relativt stort lag i Kvinnherad.
Arbeidsprogram 2011:
Av arbeid som må utførast på saga i 2011 er vøling av kraftoverføringa. I tillegg er det planen å få opparbeida uteområdet mellom lavvoen og saga, og eventuelt også få lagt ei steinrekkje ut mot elva. På sikt er det også ønskjeleg å få skifta taket på vasshjulet. Dette arbeidet vil bli utført i samarbeid med Steinparken/RosendalStiftinga. Det må også utførast ein del vedlikehaldsarbeid på saga i 2011, og mellom anna er det naudsynt å tjærehandsama alt treverket.
Styret:
Styret, valkomiteen og revisorar vart attvald og består av:
Styreleiar: Knut Førland
Kasserar: Johanna Kalstad
Styremedlemmer: Olger Leganger, Leif Nygård og Karin Thauland
Valkomité: Gunvald Friheim og Olav Guddal
Revisorar: Kåre Eik og Morten Nygård
Styret vil retta ei varm takk til alle medlemmer, einskildpersonar, grunneigarar og sponsorar for støtte og gåver. Ei ekstra stor takk til arbeidsutvalet/dugnadsgjengen for dei mange dugnadstimane som er lagt ned i samband med det nye og flotte tilbygget. I tillegg kjem arbeidet med omvisningar, demonstrasjonar av saga, samt naudsynt vedlikehaldsarbeid. Jobben arbeidsutvalet/dugnadsgjengen utfører er svært viktig for Interesselaget.
På vegne av styret
Karin Thauland
Skrivar