Arbeid og aktivitetar ved Vangssago vår og sommar 2013
Det har vore mykje aktivitet ved sago den siste tida. Her kjem ei oversikt. Dugnadsgjengen gjer ein formidabel innsats som kjem bygdefolk, turistar og andre bygdetiltak til gode.
Vedlikehald:
Mai Olger olja sagestovo utvendig
August: Olger og Gunvald smurde sagbygget.
Juli: Gunvald og Reins Maskin reparerte reimstrekkja på saga.
Sageoppdrag for Gurineprosjektet
Det har vore skore omlag 450 m med lerk og fura til garnering, livsholt, spant og bjelkevegar.
Sageoppdrag for Kjeldestølprosjektet:
Det vart skore 230 m med ulik storleik av gran og fura til veggtømmer og sperrer.
Sagedemonstrasjonar
Det har vore 3 sagedager i juli. Det vart og demonstrasjonssaging i samband med Nuten Opp i august og for skutefolket Stamnes. Det har vore mange til stades på demonstrasjonsdagane. Vi kan verte betre på kunnjgering, til dømes med oppslag på Skåla.
Sageopdrag for Gurine og Kjeldestøl er gratis støtte til desse bygdetiltaka etter årsmøtevedtak.
Ny flaggstang har kome på plass i sommar.
Karen og Eivind Steinsletten har gitt en solid trebenk i gåve. Vi takkar så mykje for den flotte benken.
Dugnadsansvarlege er Olger Leganger, Alf R. Nygård, Olav Guddal, Leiv Næs, Lars Fredheim, Gunvald Friheim, Leif Nygård, Per T. Skåle, Knut L Mehl, Knut Skåla m.fl.