Årsmøte 2012
Referat frå årsmøte i Interesselaget Vangssago
Sagestovo 17.3.2012 KL. 19.00
Det var 14 medlemer til stades.
Knut ønskte velkomen
Saker til handsaming
1. Val av møteleiar og 2 personar til å skrive under protokollen.
Knut Førland vart vald til møteleiar, Leif Nygård og Karin Thauland vart vald til å underskrive protokollen.
2. Godkjenning av innkalling og saksliste
Karin Thauland vart vald til skrivar
Samrøystes godkjend.
3. Godkjenning av årsmelding for 2012:
Knut Førland presenterte årsmeldinga.
Årsmeldinga vart samrøystes godkjend
4. Godkjenning av rekneskapen for 2012.
Johanna Kalstad gjekk gjennom rekneskapen og revisjonsrapporten. Rekneskapen vart samrøystes godkjend.
5. Godkjenning av arbeidsprogrammet for 2013.
Opparbeiding av uteområde, beising av lavvo , setje opp overvakingskamera ved i Drift, lage heimeside. Åslaug Snilstveit i Salikat design er hyra inn til å lage heimesida. Vi samlar inn gamle og nye bilete. Arbeidsgruppe for opparbeiding av uteområde: Knut E. Skåla, Gunvald Friheim, Leif Nygård og Karin Thauland.
Det vert truleg ikkje kulturarrangement i år.
Arbeidsprogrammet vart samrøystes godkjend
6. Godkjenning av budsjettet for 2013.
Knut la fram framlegg til budsjett
Framlagt budsjett var samrøystes godkjend
7. Fastsetjing av medlemspengar for 2014.
Styret la fram framlegg om uendra kontingent: 150 kr for einskildmedlemar og kr 500 for bedrifter. Styret sitt framlegg samrøystes godkjend.
8. Val.
Valkomiteen v/ Gunvald Friheim opplyste at leiar og 2 styremedlemmer er på val. Han la deretter fram følgjande innstilling:
Styreleiar: Knut Førland attval for eit nytt år.
Styremedlem: Johanna Kalstad attval for 2 nye år.
Styremedlem: Olger Leganger for 2 nye år.
Revisorar: Kåre Eik og Morten Nygård attval for eit år.
Det kom ingen andre framlegg. Alle vala vart gjort samrøystes ved akklamasjon.
Valkomité: Olav Guddal og Gunvald Friheim attvald for eit år.
Styret sitt samansetning etter årsmøte:
Leiar: Knut Førland
Kasserar: Johanna Kalstad
Skrivar: Karin Thauland
Styremedlem: Olger Leganger
Styremedlem: Leif Nygård
9. Innkomne forslag:
Styret la fram forslag om å endre vedtektene. a)Årsmøte skal haldast innan utgongen av april. b)Kontingentsatsane vert teken ut frå vedtektene. Samrøystes vedteke.
Møteleiar takka for frammøte og heva deretter årsmøte kl. 20.00
Karin Thauland Leif Nygård