Framsyninga «En hyllest til livet»
Påtroppande biskop Per Arne Dahl til Rosendal
Etter ein pause i fjor vidarefører Interesselaget Vangssago i år for 8. gong tradisjonen om kulturelt påfyll på den gamle oppgangssaga i Rosendal, og på programmet står Gabriel Scott sitt meisterverk «Kilden» eller «Brevet om fiskaren Markus» som mange kallar romanen. Ein av våre mest folkekjære prestar og påtroppande biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, er sentral i framsyninga.
Tru, humor og ettertanke i skjønn foreining. Dette står på programmet når trioen Andreas Kvebæk Dahl, Per Arne Dahl og Stian Tveit set opp framsyninga «En hyllest til livet» på Vangssago i Rosendal laurdag 14. juni kl 19. Framsyninga vart første gong sett opp i Nevlunghavn bedehus i 2009. Der gjekk den for fulle hus under regi av Kjetil Bang Hansen.
Skodespelar Andreas Kvebæk Dahl spelar fiskaren Markus og er i tillegg forteljar i framsyninga. Med seg til Rosendal har han faren sin, prest, forfattar og skribent Per Arne Dahl.
Per Arne Dahl er kjent for eit mangeårig engasjement som spaltist i Aftenposten, og er ein flittig brukt andaktshaldar i NRK. Han er i dag prest på Stortinget, Domkirkeprest i Oslo og om nokre månader tiltrer han som ny biskop i Tunsberg. Han vart statsstipendiat i 2003, og ved utnemninga vart det spesielt peika på at han med sitt allsidige virke bidreg «til å sprenge grenser når det gjelder kommunikasjon mellom kirke og folk».
Musikar, arrangør og pianist Stian Tveit bidrar med det musikalske. Han er son til den kjente komponisten Per Tveit som døydde i fjor, og arbeider som kyrkjelydsmusikar i tillegg til å vera freelancemusikar.
– For meg har Scott sitt forfattarskap vore ei stor inspirasjonskjelde, seier Per Arne Dahl. Eg har vore i kontakt med Interesselaget Vangssago sidan 2012, og er svært glad for at vi no endeleg er klare til å setja opp framsyninga i Rosendal. Etter å ha vist den i mange kyrkjer rundt om i landet, blir det ekstra stas å setja opp framsyninga utandørs på Vangssago. Bygginga av denne saga starta elles samstundes som Gabriel Scott vart fødd.
Framsyninga om fiskaren Markus og hans forhold til liv og død, menneske, dyr, havet og himmelen, har samla fulle hus og svært gode kritikkar mange stader rundt om i landet.
– Vi er svært glade for å få denne framsyninga til Rosendal. Det er i år 140 år sidan Gabriel Scott vart fødd, og sånn sett blir dette ei lita jubileumsmarkering for ein av våre store forfattarar. Framsyninga kan anbefalast på det varmaste, og ekstra moro er det sjølvsagt at vi har ein påtroppande biskop med i trioen som skal opptre, seier Knut Førland på vegne av arrangøren.
Billettar får du kjøpt på tursitinformasjon tlf 53 48 42 80 eller ved inngangen
Dei kostar kr 200. Ungdom med kulturkort får rabatt.
Velkomen